Konfirmasjon til helga? Til den store dagen må ein så klart ha kake. Det er ikkje ordentleg feiring utan noko godt til kaffien! Her finn du ei fin oppskrift på bløtkake perfekt for feiringa! La deg friste:
Konfirmasjon til helga? Til den store dagen må ein så klart ha kake. Det er ikkje ordentleg feiring utan noko godt til kaffien! Her finn du ei fin oppskrift på bløtkake perfekt for feiringa! La deg friste:
Dette treng du:
Kakebunn
5 egg
130g sukker
150g kveitemjøl
1 ts bakepulver
Krem
3 pk kremfløte
2 ss melis
1 dl melk
2 pk bringebær
Dekor
2 korger jordbær
Spiselige blomar
Framgongsmåte:
1. Sett steikeovnen på 160°C og la den bli varm.
2. Pisk sukker og egg til luftig og stiv eggedosis.
3. Bland mjøl og bakepulver godt saman, og sikt over den ferdige eggedosisen.
4. Vend mjølet inn i eggedosisen med ein slikkepott. Bland godt til du får ei jamn røre.
5. Smør ei springform på 24cm med smør og strø over litt mjøl på heile forma. Tøm ut overflødig mjøl.
6. Hell røra over i forma, og bruk ein slikkepott for å gi ei jamn overflate.
7. Sett forma på rist på nederste rille i ovnen, og steik den i cirka 40 minutt. Sukkerbrødet skal vere gyllent.
8. La sukkerbrødet kjøle seg ned litt medan det står i forma før du snur den over på rist.
9. Avkjøl sukkerbrødet ordentleg på rist.
Du skal no lage to ulike kremar. Den eine til kaka si overflate, og den andre skal nyttast som fyll.
10. Pisk kremfløta stiv med bringebær slik at du får ein jamn rosa krem.
11. Del to av kremen piskar du stiv saman med melisen.
12. Del sukkerbrødet i tre like delar og dynk kvar del med melk.
13. Smør den rosa kremen i jamne lag mellom kvar kakedel. Dette ser fint ut og gir ein deilig, frisk smak.
14. Til slutt smører du den kvite kremen på utsida av heile kaka. Fyll kremposen med krem og lag kremtoppar rundt heile kakekanten før du pynter med store, friske jordbær. I tillegg kan du dekorere med spiselige blomar, som til dømes stemor. Pass på at blomane ikkje er sprøyta.
Oppskrifta er henta frå Nille.
Psst! Du får ein pakke med jordbær til 22,90,- hos Coop Mega. Ikkje minst får du ein pakke med Tine kremfløte (7,5 dl) til 39,90,- også på Coop Mega. Det passar godt!
Bon appétit!