Frisk sommarsalat

Oppskrift på ein deilig salat med jordbær, chevre, og basilikumdressing.

Jordbær er perfekt i salaten no i sommar! Saman med chevre og basilikumvinaigrette blir det eit friskt og lett tilbehør til grillmaten. Desse tre komponentane er fantastiske i lag. Denne oppskrifta frå Coop Mega må du prøve!

Oppskrifta er nok til sidesalat til fire personar, eller til hovedrett for to.


Salat:

200 g jordbær

1 agurk

½ raudlauk

200 g ruccola

100 g chevre

50 g pinjekjerner

Basilikumdressing:

1 potte basilikum

1 ts dijonsennep

1 ss balsamico

¼ sitron

1 – 1 ½ dl extra virgin olivenolje

1 klype salt

1 klype pepar

 

Slik gjer du:

1.Start med å dele jordbæra i to eller fire. Skjær agurken i tynne strimlar ved hjelp av ein ostehøvel eller grønnsaksskrellar. Finhakk raudlauken.

2. Bland jordbær, agurk og raudlauk saman med ruccola i ein stor salatbolle. Smuldre chevren over salaten.

3. Rist pinjekjernene i ei varm og tørr panne til dei er gylne. Pass på så det ikkje svir seg! Strø over salaten.

4. Lag vinaigretten. Legg til side eit par basilikumblader til topping. Ha resten av blada over i ein foodprocessor saman med dijonsennep, balsamico og sitronsaft. Køyr glatt medan du hell i olivenolje til du har ønska konsistens på vinaigretten. Smak til med salt og pepar.

5. Vend vinaigretten inn i salaten, topp med eit par basilikumblad, og server til grillmat. 

6. Nyt!

Publisert 07. juli 2017 \10l 10:25. Oppdatert 07. september 2023 \12l 12:19.