10-19 (10-16)

HURRA! Vi elskar mai!

Herlege mai månad er i gang, og føre oss står dei store festdagane som konfirmasjonar, 17. mai og bryllaup. Som vi alle veit vil desse festdagane også i år bli annleis for dei aller fleste av oss. Men vi skal framleis rope hurra, kose oss og ha ein strålande fin dag med aller næraste familie. I samband med dette har vi samla saman masse herleg inspirasjon frå butikkane våre her på Blåhuset.

Når det kjem til antrekk er jo bunaden det tradisjonelle plagget som mange forbind med 17. mai, men for deg utan bunad, eller om du rett og slett vil gå for ein annan stil i år, finns det mange andre nydelege antrekk! Hos oss finn du ei rekke lekre 17. mai-antrekk som vil få deg til å stråle i alle anledningar.

Akykolasjdame

Antrekk frå AKY

Lindexdamekolasj

Antrekk frå Lindex

Bizarrekolasj

Antrekk frå Bizarre

Akykolasjherre

Antrekk frå AKY

Det kan vere lurt å få antrekka til barna i boks i god tid. Vi veit alle korleis det er å skulle ordne alt i siste liten før ein stor festdag. Nedanfor har vi samla eit utval av pentøy frå Lindex. Vi håper du finn 17. mai-antrekket til barnet ditt hos oss, og at du får ei fin feiring når dagen kjem :)

Lindexjentekolasj
Lindexguttkolasj
Lindexbabykolasj

Om det er bunad du går for har Bjørklund alt av tilbehøyr som du treng til denne. Det er lite som slår bunad med nypussa bunadsølv som glitrar i kapp med den store dagen!

Bjørklundkolasjbunaddame
Bjørklundherrekolasj

På slike festdagar er det kjekt å gjere seg ekstra flid med håret, og prikken over i-en får ein med ein god sommerduft, velpleide negler og fresh sminke.

Nobelkolasj

Fargerik inspirasjon frå Nobel Frisør og velvære

Stkolasj

Lekre produkt frå Skin Tonic Ulsteinvik

Som nemnt blir det ikkje i år dei store offentlege 17. mai arrangementa, men det er heldigvis lov til å samle familie eller nokon få venner. Det gir oss ein ekstra grunn til å feire, og då er det hyggeleg å pynte med blomster og lage 17. mai stemning heime, utanfor inngangen eller på uteplassen.

Mgkoalsjinne

Blomsterinspirasjon frå Mester Grønn Blåhuset

Mgkolasjute

Utendørs 17.mai-pynting frå Mester Grønn

Nillekoalsj

17.mai-pynt frå Nille

Om du vel ein meir sporty feiring av nasjonaldagen i år, har Intersport utstyret som gjer at du garantert får ein topp dag.

Intersportkolasjdame
Intersportkolasjherre

Mai er månaden med dei store festdagane, og nedanfor her finn du derfor mange flotte gåvetips både til ein konfirmant eller andre jubilantar.

Bjørklundhennekolasj

Gåvetips frå Bjørklund

Creativokolasj

Gåvetips frå Creativo

Du lurer kanskje litt på kva du skal servere familie/venner på nasjonaldagen? Flotte festkaker og iskrem høyrer sjølvsagt med! Nedanfor har vi samla nokon fristelser og gode oppskrifter som kanskje kan vere til inspirasjon når du skal planlegge menyen.

Valakerkolasj

Lekre fristelser frå Valaker Bakeri & Konditori

I og med at det nærmar seg sommar og sommarferie, heng vi på nokre flotte boktips som du kan byrje å kose deg meg og kanskje legge planer for årets Norges-ferie med. Noreg er eit fantastisk ferieland.

Og så må ikkje dei minste gløyme å sikre seg ein flott og fargerik skulesekk frå Beckmann som du finn hos Notabene bokhandel. Det er sikkert mange spente og forventningsfulle barn som allereie gleder seg til hausten.

Nbbok9

Flotte reisebøker frå Notabene bokhandel

Nbkolasjsekk

Skulesekkar frå Beckmann hos Notabene bokhandel

Frå alle oss på Blåhuset ynskjer vi ein riktig god nasjonaldag og mai månad. Hipp hipp, hurra!

Publisert 07. mai 2021 kl 1:45. Oppdatert 07. mai 2021 kl 3:58.