Sjølv om kvardagen er litt annleis for oss alle no, er ein ting sikkert: påske blir det! I denne bloggen vil vi inspirere deg og dine, no når dagane er ekstra lange og innandørs. Her finn du produkt du kan glede deg til å bruke, og gode tips for å få ei god påske - uansett.
Freshe dameklede
Butikkane har fått inn nye flotte produkt og det er tydeleg at vi gledar oss til vår. Mønster med blomar og friske fargar er ein sikker vinnar framover, og gult er skikkeleg kult!
Utanom påskevibbane ser vi mykje fargar og mønster, og kleda er behageleg og freshe.
Tilbehør kan gi eit ekstra løft
Det er alltid godt å legge litt ekstra i looken! I disse tider kan det vere godt å føle seg litt ekstra, om så berre for din eigen del.
Borneklede skaper glede
Dei minste kan også ha behov for ny garderobe til våren. I borna sine klede ser vi som vanleg mykje av dei same trendane som i motebildet elles. Fine fargar og kjekke mønster som får fram smilet på både liten og stor!
Lettare og meir fargerikt
Også for karane er det mykje nytt, og det er fargar og lette behagelege klede i fokus.
Unn deg noko godt
Det blir mykje aleinetid, og desto enda større grunn til å kose seg ekstra i heimen.
Les ei god bok
Det er ei god kjensle å leve seg heilt inn i ein anna verd, og kanskje treng ein det litt ekstra no? Det er mykje spanande for både liten og stor å drøyme seg vekk i.
Spel morosame spel
Det er lite som slår kosen med å samlast rundt ei god runde spel. Om det er den årlege påskequizen som må gjennomførast eller om det er ungane som treng å flire av seg litt energi med eit prompespill? Du finn faktisk det, og enda meir på Blåhuset.
Det gjeld å vere kreativ. Kanskje du kan bli musikar?
No når skulen og bornehagen er stengd, og mor og far har heimekontor treng dei minste noko å bruke kreativiteten sin til. Ein kan for eksempel bake flotte fargerike bakverk, lage eigne påskeegg eller påskepynt, eller ein kan rett og slett lære seg å spele eit instrument! Det kan ta litt tid å få det til, men det er ei stor glede for alle når ein kan brilliere litt. Kanskje du kan ha eit show på stovegolvet?
Lettare å vere inne når det er koseleg
Ein kan få det veldig flott i heimen ved å pynte litt til påske! Nydelege påskeliljer, artige figurar, stearinlys og litt påskekos sett ei god stemning.
På eit bra heimekontor klarer du å fokusere
Vi er fleire som no har fått filialar og avdelingar rundt om med heimekontor. Godt utstyr er ekstra viktig om ein skal klare å halde seg produktiv når borna treng hjelp til skulearbeid og andre ting bryt konsentrasjonen.
Elkjøp har gode tips og det du treng til heimekontor
Om du vil finne fram bornet i deg, eller om ungane treng noko å bruke tid på så har vi det òg.
Frisk luft er viktig
Ein merkar at no er det ekstra godt med ein luftetur både for seg sjølv og for familien. Noko som verkeleg kan gjere turen er å ha gode klede, og godt utstyr.
Ta litt ekstra vare på deg sjølv
No har ein i alle fall tid til å ta vare på huda si, og spesielt hendene trenger gode kremer i ei tid med mykje handvask og antibac. I tillegg kan du få mange gode masker til ansiktet, fotpleieprodukt, self-tan og avslutte med lekker neglelakk.
Kryssar fingrane for Solmøre
Når vi først er ute er det ekstra deilig om sola tittar fram, men då er det lurt å hugse det ein treng for å ikkje bli raud og låk.
Med god mat blir det god påske
Heilt til slutt vil vi leggje med nokre freistande oppskrifter og gode tips slik at du kan lage eit skikkeleg festmåltid, og litt ekstra god mat i denne tida. Med det håpar vi på Blåhuset at du får ei spesiell, men ekstra god påske!
Her er tips frå Coop Mega for å lage nydeleg lam
Publisert 25. mars 2020 kl 2:26.
Oppdatert 21. april 2020 kl 9:07.