Endeleg konfirmasjonstid, og det kan ein seie for fleire grunnar. I hovudsak for lokale gutar som no skal bli menn og tre inn i dei vaksnes rekkjer, men òg fordi det i år er nokre månader seinare enn normalt, og ikkje minst fordi venar og familie kan treffast igjen, under dei riktige omgivnadane og reglane. Om du er gjest kan du få hjelp til å finne den riktige konfirmasjonsgåva, om du er mor eller far eller med å arrangere kan du få tips til flotte måtar å pynte bord og lokalet på. Om du er konfirmanten sjølv, så kan det vere greit å ha finkleda, og sjølvsagt frisyra klar. Lukke til!
Den perfekte gåva
Det er stor stas å vere gjest i konfirmasjon, men det er ikkje alltid like lett å finne ei gåve. Det letteste er å gi pengar, men det forsvinn like fort til snop eller anna som ein ikkje ser igjen. Vårt tips er å kjøpe noko som varar. Ei kul klokke eller eit armband kan vere supert å ha til ungdomsfesten og andre anledningar, eller så er pynt til bunaden alltid ein sikker vinnar.
Litt ekstra stas
Nobel Frisør og Velvære kan hjelpe deg med styling til den store dagen, anten du er konfirmant eller gjest. Her kan du få ordna både hår og makeup.
Pynta og dekka bord
Detaljar er viktig når det kjem til konfirmasjonsdagen. Alt i frå pynten på kaka til korleis borddekorasjonen skal vere. Her er nokre flotte bukettar, inspirasjon og tips til korleis du kan gjere dagen litt ekstra fin.
Friske fargar og detaljar
Anten om det er til eigen bruk eller som gåve, er både koffert, veske, sminke og parfyme eit godt tips.
Flott og godt for damene
Det kan vere greit å tenke over at vi er midt i skiftet mellom sommar og haust, og kle seg etter vêret. Uansett om sola skin eller regnet plaskar finn du sommarens mønster og fargar, samt haustplagg for den komande sesongen som du kan kombinere akkurat slik du vil.
Fineklede til borna
Det er ikkje alltid like lett å pynte dei små, men eit triks som fungerer i mange heimar er nye klede. Her er tips om alt frå det enkle, til det litt meir oppstasa både for ho og han.
Dekk bordet med god mat og kaker
Det er mykje som skal gjerast før den store dagen, og det er mykje som skal klaffe. Om du vil gjere det litt enklare og mindre stressande for deg så får du her nokre gode tips til kva du kan lage, og ikkje minst kan smakfulle kaker bestilles hjå oss.
Vi håpar at skuldrane kanskje blei litt lågare av desse tipsa, og ikkje minst at konfirmasjonsdagen blir heilt fantastisk og ein dag ingen kjem til å gløyme. Gratulerer så mykje, helsing frå alle oss på Blåhuset!
Publisert 24. august 2020 kl 12:33.
Oppdatert 28. august 2020 kl 11:11.