Fellesferien er over, og for mange betyr det kvardag igjen. Kanskje har du nokon i hus som skal byrje i barnehagen, eller nokon som skal ta steget opp ei skuleklasse og dermed treng ein større skulesekk? Det du treng for å bli klar for kvardag igjen finn du hjå oss, og her har vi samla nokre favorittar.
Barnehage og skule
Barneklede blir ofte for små eller utsliten fortare enn ein klarar å seie barnehage- eller skulestart. Om det trengs ei oppgradering i garderoba til den nye kvardagen er det mykje fine og kule klede i butikkane for ungar i alle aldrar.
Sekken er viktig på mange områder
Ein sekk er ikkje det ein sekk var før i tida. No er det for eksempel mykje fokus på at dei sit godt på ryggen og er behageleg, og dei skal helst ha ei beskyttande lomme for datamaskina som fleire og fleire har i skulekvardagen. I tillegg får ein ofte med regntrekk i sterke fargar, noko som trengs på Sunnmøre for å halde seg nokon lunde tørr, og ikkje minst for å bli sett i trafikken. Refleks er også noko ein i mindre grad treng å tenkje på sjølv, då dette ofte er ein del av sekken. Å kunne ha eit gjennomgåande tema i alt fra sekk til matboks er også ein slager hjå dei minste, og det kan kanskje hjelpe på å få dei avgårde også?
Seinsommarklede og haustdrakt for damene
Moten og nyheitene i butikkane er prega av at vi no er mellom sommar og haust. Du kan fortsatt finne dei lette, lyse sommarkleda, men òg varme og nye strikkeplagg. Her er nokre av våre favorittar!
Jordnære mannfolk
Litt mønster er alltid lov, men det er mykje stilreint, naturleg og jordnære fargar i høstmoten for herrane.
Ei kul klokke eller eit armband kan også gjere susen!
Høgare kvilepuls?
Det har kanskje vært ein sommar med mykje aktivitet i eget land, men det er aldri feil å føle seg enda litt friskare. Seinsommaren er ei god tid for å komme i god form, og då kanskje det trengs nytt og motiverande utstyr?
Teknologiske livreddarar
Det kan vere litt tungt med kvardag igjen etter ferien, men to gode teknologiske tips som kan gjere det enklare er
ei god alarmklokke anten på nattbordet eller på handa, til både liten og stor, og skikkeleg god lyd i hodetelefonar eller proppar så du kan starte dagen med akkurat den musikken du vil høyre.
Pynte for innevêr
Sommaren har vist seg tidvis frå den gode sida, og til andre tider frå den dårlege. At det kjem fleire dagar der ein helst vil vere innandørs er det ikkje tvil om her på Sunnmøre. Då kan det vere ekstra fint å pynte hus og heim med plantar, lys og høstlege fargar.
Ei god bok er aldri feil
Ein fin måte å pleie seg sjølv på er å roe ned med ei god bok. Dette kan du gjere ute om sola skin, eller under eit pledd om regnet høljar. Perfekt uansett vêr, og det er jo så mykje forskjellig ein kan velge i!
Ekstra god drikke i ein ekstra flott kopp
Ein ting som er bra med dårlig vêr, er at ein kan kose seg inne. Det er ei god kjensle når ein kan finne fram pleddet og fylle koppen med god varm kaffe eller anna drikke. Om du vil ha ord til ettertanke eller lokale kraftsalvar på koppane dine, finn du det hjå oss.
Sminke, parfyme og tilbehør til både kvardag og fest
Smink deg slik du sjølv foretrekk, anten det er med naturleg look eller fargerike detaljar. Ei god duft som får deg til å føle deg frisk og herleg gir også ei god kjensle. Ei fin veske kan løfte antrekket betydeleg, uansett om det er i jobbsamanheng eller til fest. Gull og glitter kan til og med kanskje gjere det enda finare.
Hårfin kvardag
Kva med å gi håret litt ekstra merksemd?
Rumlar det i magen?
Då kan du ta turen innom for å få fiks ferdig mat, eller lage nokre herlege rettar med oppskriftene under. Sjølv om det er kvardag treng det ikkje vere kjedelege middagar, så her er det berre å la seg inspirere.
Håpar kvardagen blir fylt med mykje god mat og mykje glede, og at du finn det du treng hjå oss. Vi minner om at vår kjære maskott Blåtann vil vere å sjå på Trebaatfestivalen 13-16. august, så det er berre å komme og hilse på han.
Publisert 04. august 2020 kl 9:04.
Oppdatert 24. august 2020 kl 8:57.