10-19 (10-16)

Hjartekake med bringebærkrem

Ei enkel, god sjokoladekake blir ei fin kjærleikserklæring om du steiker den i hjarteform. Denne kaka er perfekt til både morsdag og Valentines Day.

Dette treng du:
120 gr smør
1 dl kremfløte
3 stk egg
2 1/2 dl sukker
3 dl kveitemjøl
3 ss kakao
1 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker
1/4 ts salt

Bringebærkrem:
150 gr rørtne, frosne bringebær
2 dl kremfløte
1 ss sukker

Ostekrem:
90 gr romtemperert smør
230 gr melis
300 gr kremost naturell
1 ts vaniljesukker
1 knivsodd gelefarge/pulverfarge (for fargen sin del)

Oppskrifta er henta frå nille.no. Denne oppskrifta nyttar ein del produkt og verktøy frå Nille. Her kan du sjå nokre produkt som trengst for å få kaka akkurat som avbilda.

Hjarteforma kakeform. Sprøytepose. Ulike sprøytetippar.

Hjarteforma kakeform. Sprøytepose. Ulike sprøytetippar.

Slik gjer du:
Forvarm ovnen til 180 grader. Smør kakeforma, helst hjarteforma, så klart. 

Smelt smør og hell i fløte. Pisk egg og sukker til eggedosis. Visp inn blandinga av smør og fløte.
Bland saman kveitemjøl, kakao, bakepulver, vaniljesukker og salt. Sikt blandinga gradvis inn i røra. Rør til du får ei jamn, glatt røre.

Hell røra i forma og steik midt i ovnen i 35-40 minutt. La kaka avkjøle seg i forma i 20 minutt, før du tek den ut på ei rist. La den avkjøle seg heilt.

La dei frosne bringebæra tine litt, men dei skal helst vere litt halvfrosne når du nyttar dei.
Pisk kremfløte med sukker til stiv krem, og vend inn bæra. Ikkje rør for mykje! La kremen vere litt marmorert.

Del kakebotnen i to lag. Fordel kremen mellom laga. 
Lag rosa ostekrem og sprøyt rosemønster på utsida av heile kaka.

Topp med litt ekstra kjærleik, og server til ein du er glad i!

Publisert 05. februar 2018 kl 2:44.