10-20 (10-18)

Deilig julemat

Vi har valt ut nokre deilige oppskrifter på julemat. Her finn du alt frå julemiddag til julekaker. La deg inspirere av desse herlige oppskriftene!

Julemiddag på sitt beste

Øldampa pinnekjøt
Pinnekjøt er fantastisk, og for mange er det ikkje jul utan. Her har Coop Mega delt ei oppskrift der du dampar pinnekjøtet med øl. Du kan nytte same framgangsmetode om du vel å heller dampe på vatn som vanleg. 

Det er viktig å velge riktig pinnekjøt. Pinnekjøtet må vere ordentlig tørka, og dette ser du på fargen. Om kjøtet er altfor rett kan dette vere teikn på at det ikkje har tørka nok.

Pinnekjøt og anna tradisjonsrik julemat skal ein ikkje tulle for mykje med, men denne oppskrifta dampar altså pinnekjøtet med mørkt juleøl. Vi nemner igjen at du kan nytte same framgongsmetode for damping med vatn.

Ingrediensar (4 personar)
- 2kg pinnekjøt
- bjørkepinnar
- 0,5l mørkt juleøl
- eventuelt ein liten skvett vatn

Hugs å vatne ut pinnekjøtet i forkant. Gjerne 30 timar i romtemperatur. Skift vatn fleire gonger.

Slik gjer du
1. Legg bjørkepinnane i botnen av ein stor kjele. Hell over øla. Stable pinnekjøtet slik at det ikkje ligg nede i væska.

2. Damp pinnekjøtet i 2,5 - 3 timar under lokk. Pass på at det ikkje tørrkokar undervegs. Hell då på ein skvett vatn.

3. Pinnekjøtet er klart når det lett løsnar frå beina og lukter godt!

4. For ein siste finish kan du brune det litt under grillelementet i ovnen etter damping. Fordel pinnekjøtet utover eit steikebrett, hell litt av sjyen over, og grill under sterk varme i 3 - 5 minutt.

5. Server og nyt!

Oppskrift frå Coop Mega.

Perfekt ribbe
Ribbe er ein viktig del av julefeiringa, men det er nok mange som svetter litt ekstra ved tilberedning av denne. Ribbe utan sprø svor er ganske utenkelig for dei fleste.

Mange stresser veldig med at ribba skal snuast undervegs, men dette treng du faktisk ikkje.

Ingrediensar (4 personar)
- 2kg tynnribbe
- rikelig med salt og peppar
- aluminiumsfolie
- 2 dl vatn

Slik gjer du:
1. To dagar før du skal steike ribba startar du med å rute opp svoren og krydre den godt med salt og peppar. Gni krydderet inn på alle sider og mellom svoren. Pakk ribba i aluminiumsfolie og legg den i kjøleskapet til tilberedningsdagen.

2. Legg ribba med svoren opp i ei ildfast form eller eit djupt steikebrett. Form litt aluminiumsfolie for å støtte under ribba så den er så jamn som mogleg, men med litt helling nedover slik at fettet renn av. Dette er viktig, om fettet blir liggande på toppen blir ikkje svoren sprø.

3. Hell 2dl vatn i forma og dekk til med aluminiumsfolie. Pass på at det blir tett.

4. Forvarm ovnen til 230 grader og vanlig over-undervarme. Sett inn ribba og la den stå i 45 minutt. No skal ribba og svoren dampast og blåsast opp.

5. Fjern folien over ribba og senk temperaturen til 200 grader. Steik vidare i 1 - 1 1/2 time. Pass godt på mot slutten!

6. Følg nøye med på slutten av steiketida, svoren går fort frå gyllen og sprø til heilt svidd. Om ein del av svoren popper tidlig kan du dekke denne delen med aluminiumsfolie medan resten blir sprøtt. Om svoren ikkje er sprø mot slutten kan du flytte ribba lenger opp og skru på grillelementet. Her er det også viktig å passe godt på som nemnt.

7. Velbekomme!

Oppskrift frå Coop Mega.

Saftig kalkun
Kalkun er kanskje spesielt populært til nyttårsaftan eller romjulsselskap heller enn julemiddag. Uansett så er det lite som er bedre enn saftig kalkun med deilig stuffing. 

Set av god tid til tilberedninga av kalkunen. Både før serveringsdagen og på sjølve dagen. Kalkunen må tine i kjøleskap i eit døgn, og så ligge i saltlake i eit døgn, før den så skal steikast i 5-6 timar.

Ingrediensar
- 1 kalkun 3-6 kilo (beregn 500 gram kalkun per person)
- 1 potte salvie
- 3 sitronar
- 3 appelsiner
- 2 laurbærblad
- 20 heile pepperkorn
- vatn + fint salt til saltlake
- 150gr smør
- 10 kvitløksfeddar
- 1 gul løk
- 4 rosmarinstilkar
- hyssing

Slik gjer du
1. To døgn før festen: Kalkun er vanlegvis frossen, så start med å tine kalkunen i kjøleskap to døgn før serveringsdag.

2. Eit døgn før festen: Legg kalkunen i saltlake eit døgn før du skal tilberede den. Saltlake lagar du ved å blande 3 ss fint salt per liter vatn du treng for å dekke kalkunen. Kalkunen kan gjerne vere halvfrossen når du legg den i laken.

Tilsett revet skall frå 2 sitronar og appelsiner samt laurbærblad og pepperkorn i saltlaken. Hakk opp rikelig med salvie (spar litt til stuffing) og bland ut i laken. Om du ikkje har plass til kalkunen i gryte eller form i kjøleskapet kan du legge den i ein rein pose, heller over laken, og knyte i toppen. La kalkunen ligge i eit døgn.

3. Sil av laken, men ta gjerne vare på sitrusskalet. Skyll kalkunen og tørk den med tørkepapir. Du treng ikkje salte den meir, men krydre litt med peppar innvendig og utvendig. Gni heile kalkunen inn med smør, og dytt forsikrig smør under skinnet. 

4. Del den siste appelsinen og sitronen i båten og fyll kalkunen med dette og resten av salvien. Fyll også med eit par rosmarinstilker, kvitløksfedd, og ein løk delt i grove båtar. Du treng ikkje sy igjen kalkunen

5. Legg kalkunen i ei djup, ildfast form. Knyt lårbeina saman med hyssing. Steik kalkunen ved 275 grader i 20 minutter. Ta så kalkunen ut av ovnen, og skru ned til 85-90 grader. Stikk eit steiketermometer inn i brystet og dekk med aluminiumsfolie.

6. Sett kalkunen inn i ovnen igjen og la den stå i 5-6 timar, avhengig av storleik. Kjernetemperaturen skal vise 68-70 grader. Mot slutten av steiketida fjerner du folien og skrur temperaturen på full styrke. Pensle med litt smelta smør. 

7. Server med eit smil!

Oppskrift frå Coop Mega.

Juletorsk med rotmos
Nokre svergar til torsk på julaften. Kanskje ikkje like vanleg her på Sunnmøre, men likevel ein tradisjonell julemiddag her i vårt langstrakte land.

Denne oppskrifta er for torsk servert med rotmos og rødvinssaus. Nam!

Ingrediensar - Torsk
- 800 gr ryggfilet (loin) av torsk, gjerne med skinn
- 2 ts salt
- Litt nykverna pepper
- 1/2 dl olivenolje
- 2 stk stjerneanis
- 2 stk laurbærblad
- 1 appelsin

Slik gjer du
1. Del torsken i porsjonsstykker på ca 200 gr kvar. Eventuelt kan fileten steikast heil. Salt fisken godt og la den ligge i 20-30 minutter. Skyll fisken i kaldt vatn og tørk av.

2. Skjær av appelsinskalet, kun det oransje, og legg i ei ildfast form saman med stjerneanis og laurbærblad. Legg fiskestykka over og drypp olivenolje over. Krydre fisken lett med nykverna pepper.

3. Steikast ved 150 grader i 15 minutter. La fisken kvile litt før servering.


Ingrediensar - Rotmos
- 1 søtpotet
- 2 gulrøtter
- 1/2 kålrot
- 2 appelsinskiver
- 2 ts dijonsennep
- 50 gr smør
- 1/2 dl kremfløte
- salt og pepper

Slik gjer du
1. Skrell rotgrønnsakene og del i terningar. Kok mørt. Legg eit par appelsinskiver i kokevatnet.

2. Hell av vatnet og appelsinskivene. Mos grønnsakene med ein potetstapper eller stavmiksar. Tilsett sennep, smør og fløte.

3. Smak til med salt og pepper, og ein liten appelsinskvis.


Ingrediensar - Dillpoteter
- 800 gr småpoteter
- 1 potte dill
- 50 gr smør
- salt og pepper

Slik gjer du
1. Kok eller damp småpotetene. Koketid avhenger av storleiken på potene (cirka 10-15 minutt). 

2. Finhakk dill. Rør smør og dill inn i dei varme potetene. Topp med litt salt og nykverna pepper.


Ingrediensar - Rødvinssaus
- 2 sjalottløkar
- 1 kvitløksfedd
- 2 ss smør + 1 ss til montering
- 1 kvast timian
- 2 dl rødvin
- 2 dl fiskekraft
- 2 stjerneanis
- 1 laurbærblad 

Slik gjer du
1. Finhakk sjalottløk og kvitløksfedd til det er nesten som ein puré. Steik løken blank i smør i ei lita kasserolle.

2. Legg i timiankvasten, stjerneanis og laurbærblad.

3. Tilsett rødvin og fiskekraft. Kok sausen inn til den er halvert.

4. Plukk ut timiankvasten, stjerneanis og laurbærblad. Pisk inn 1 ss kaldt smør. Smak eventuelt til med salt og pepper.

Oppskrift frå Coop Mega.

Fløyelsmjuk risgraut
Risgraut er eit must no i juletider. Denne retten vert spist nesten døgnet rundt, og alle familier har ulike tradisjoner for grauten. Her kjem ei oppskrift på deilig risgraut med smak av jul!

Ingrediensar
- 2 dl grautris
- 4 dl vatn
- 1 kanelstang
- 1 vaniljestang
- 3 stjerneanis
- 1 appelsin, kun skalet
- 1 l heilmjølk
- 1 ts salt
- 1 mandel
- Smør, sukker og kanel til topping

Slik gjer du
1. Skyll riskorna før bruk. Del vaniljestanga i to og skrap ut frøa. Ha både vaniljestanga og frøa over i ei gryte. Bruk ein grønnsaksskrellar og skrell appelsinskalet i breie remser. Prøv å berre få med den oransje delen av skalet, og ikkje det kvite under. Ha det i gryta saman med stjerneanis og kanelstang. Hell på vatn og kok risen i 10 minutt.

2. Spe på med mjølk og kok vidare over svak varme. Fisk ut kanelstang, vaniljestang, stjerneanis og appelsinskalet før grauten tjukner. Rør ofte så det ikkje svir seg i botnen.

3. Tilsett salt og bland godt inn. Og tilsett ein mandel om du vil.

4. Server grauten med smør, sukker og kanel på toppen!

Oppskrift frå Coop Mega.

Det er ikkje jul utan noko søtt og godt! Her kjem nokre favorittar du kan bake til jul!

Saftig krydderkake med klemetinsmørkrem
Klementin er ein stor del av julekosen. Her får du oppskrift på ei saftig krydderkake med smørkrem med klemetiner. Skikkelig smak av jul!

Ingrediensar
- Smør og mjøl til kakeformene
- 1 ts bakepulver
- 2 ts vaniljeekstrakt
- 1 ts natron
- 1/2 ts salt
- 2 1/2 ts kanel
- 1 ts malt muskatnøtt
- 1 ts malt ingefær
- 1/2 ts malt allehånde
- 1/4 ts malt nellik
- 380 gr brunt sukker
- 2 ts finrevet klementinskal
- 185 gr finrevet gulrot
- 175 ml nøytral olje
- 4 store egg
- 300 gr kveitemjøl
- 240 ml kefir

Klementinsmørkrem
- 340 gr nøytral kremost
- 110 gr usaltet smør, mjukt
- 500 gr melis
- 1/2 ts vaniljeekstrakt
- 1 ts finrevet klementinskal
- 2 ss klemetinsaft
- 1 klementin til pynt

Slik gjer du
1. Forvarm ovnen til 180 grader.

2. Smør to like kakeformer (helst 18 cm) godt. Dryss litt kveitemjøl i formene og hell av overflødig mjøl.

3. Bland mjøl, bakepulver, vaniljeekstrakt, natron og krydder i ein bolle. Sett til side.

4. Ta fram kjøkkenmaskin og ha i sukker, klementinskal, gulrot og olje i bollen. Bland godt.

5. Tilsett egg, eit og eit av gangen.

6. Tilsett halvparten av mjølblandinga. Bland godt. Spe på med kefir, og til slutt resten av mjølblandinga.

7. Fordel kakerøra i dei to kakeformene og sett i forvarma oven i ca 30 minutt. Sjekk med ein trepinne om kakene er gjennomstekte. Vipp kakebotnane ut av formene og la dei ligge oppned på rist for å kjøle seg ned.

8. Skjer til kakebotnane om nødvendig for å få rette flater.

9. Lag klemetinsmørkrem: Bland alle ingrediensane i ein kjøkkenmaskin til du har ein jevn, glatt krem.

10. Smør kremen mellom laga og fordel resten over heile kaka - på toppen og sida.

11. Pynt med klementinbåter.

Oppskrift frå Coop Mega.

Sprø kolakaker
Denne er ein ordentlig julefavoritt. Sååå gode!

Ingrediensar
- 220 gr smør, romtemperert
- 220 gr sukker
- 340 gr kveitemjøl
- 2 ts natron
- 1 ts kanel
- 1 ss flytande honning
- 1/2 sitron, revet skal av

Slik gjer du
1. Pisk smør og sukker kvitt.

2. Sikt i det tørre og tilsett honning og sitronskal.

3. Jobb saman deiga med hendene og legg i ein plastpose. Sett deigen kjølig i 1 time.

4. Sett ovnen på 175˚C.

5. Del deiga i 6 emner og trill kvart emne ut til ei pølse.

6. Kjevle pølsene på toppen til lange remser, ca 1/2 cm tjukk.

7. Legg strimlane på bakepapirkledd steikeplate. Skjer deigstrimlane i rektangel og steik midt i ovnen i 15 minutt.

8. Avkjøl kakene på rist, og oppbevar dei mørkt og tørt.

Oppskrift frå Coop Mega.

Kransekakestenger
Så enkelt å lage og kjempegodt. Perfekt å lage med dei minste i familien! Dette er ei oppskrift frå Sunkost.

Ingrediensar
- 150 gr mandlar
- 90 gr Fibersirup
- 10 gr Tagatesse
- 10 gr Sukrinmelis
- 2 stk store, ferske Dadler
- 1 eggekvite
- 1/2 ts vaniljepulver
- Sjokolade til pynt

Slik gjer du
1. Bland mandlane, Tagatesse og Sukrinmelis i ein foodprosessor og køyr til mandlane er ganske finhakka.

2. Tilsett FiberSirup, dadler og eggekviter og køyr massen jevn. Blir den litt for klissete, kan du kna den med litt mandelmjøl eller kokosmjøl på benken.

3. Trill 35 gr store biter til fingertjukke pølser-

4. Steik dei på 180˚C i 12 minutter. Avkjøl og strø over litt smelta, sukkerfri sjokolade. 

Fleire oppskrifter finn du på Coop Megaog Sunkost sine heimesider.


God matlaging!

Publisert 29. november 2018 kl 9:15. Oppdatert 30. november 2018 kl 2:32.