10-19 (10-16)

Sunnare julesnacks

Sunkost har så mykje godt, og har no delt oppskrifter på litt sunnare julesnacks. Her kan du sjå nokre av våre favorittar!

Brente mandlar
Ingrediensar
Mandlar: 250gr
Sukrin Gold: 90 gr
Kanel: 1 ts
Kardemomme: ½ ts
Pepper: ½ ts
Vatn: ¼ dl
Smør: 1 ss

Slik gjer du:

  1. Steik mandlane i ovn på 200°C i 10 minutt

  2. Kok opp Sukring Gold, kanel, kardemomme, pepper, og vatn

  3. Ha mandlane i sukrinblandinga, og kok til mandlane blir mørke og sukrinblandinga er tjukk.

  4. Tilsett smør og kok nokre minutt til

  5. Bre mandlane utover bakepapir og skill frå kvarandre før dei vert heilt kalde.

Lavkarbo kokosmakronar
Ingrediensar
Eggekviter: 2 stk
Tagatesse: 1 dl
Kokosmasse: 3 dl
Mørk sjokolade: 100 gr

Slik gjer du:

  1. Visp eggekvitene lett saman i ei lita kasserolle (ikkje stivpisk)

  2. Tilsett søtning og kokosmasse, og rør saman over svak varme til massen heng saman og blir seig.

  3. Bruk teskje og legg 12 emner på bakeplate dekt med bakepapir.

  4. Steik i ca. 15 minutt på 150°C

  5. la makronane kvile i ovnen etter steiking med ovnsdøra open.. Ta dei ut når dei er lunkne og legg på rist med bakepapir under. La dei avkjøle seg heilt, og dypp botnen i mørk sjokolade. Sett kjølig i 30 minutt, og oppbevar i tett boks i kjøleskap.

Karamell-fudge
Ingrediensar
Kremfløte: 4 dl
Sukrin Gold: 80 gr
Fibersirup Gold: 25 gr
Meierismør: 20 gr
Vaniljepulver eller vaniljepasta: ½ ts
Grovt havsalt

Slik gjer du:

  1. Bland alle ingrediensane i ein kjele

  2. La det koke i 30-40 minutt på middels varme

  3. Rør i karamellen med jamne mellomrom, litt oftare det første kvarteret. Karamellen skal bli ganske brun og tjukk.

  4. Bruk form på 15x20cm. Spray forma med formfett eller smør den med olje, og hell karamellen i forma. Strø over litt grovt havsalt og la massen stivne (ca 2 timar).

  5. Skjær opp i passande bitar.

Kransekakestenger:
Ingrediensar:
Mandlar: 150 gr
Fibersirup klar: 90 gr
Tagatesse: 10 gr
Sukrinmelis: 10 gr
Store, ferske dadlar: 2 stk
Eggekvite: 1
Vaniljepulver eller vaniljepasta: ½ ts
Sjokolade til pynt

Slik gjer du:

  1. Bland mandlane, Tagatesse og Sukrinmelis i ein foodprosessor. Køyr til mandlane er ganske finhakka.

  2. Tilsett fibersirup, dadlar og eggekviter, og køyr til massen er jamn. Blir dne for klissete kan du kna inn litt mandelmjøl eller kokosmjøl.

  3. Trill 35gr store bitar til fingertjukke “pølser”

  4. Steik på 180°C i 12 minutt. Avkjøl og strø over litt smelta, sukkerfri sjokolade.

Finn fleire gode oppskrifter på sunkost.no. God førjulstid!

Publisert 08. desember 2017 kl 2:36.