10-19 (10-16)

Perfekt julemiddag

Julematen er ein essensiell del av denne flotte høgtida. Her har vi samla nokre oppskrifter frå Coop Mega som kan gjere middagsselskapet til ein suksess!

Øldampa pinnekjøt
Pinnekjøt er fantastisk, og for mange er det ikkje jul utan. Her har Coop Mega delt ei oppskrift der du dampar pinnekjøtet med øl. Du kan nytte same framgangsmetode om du vel å heller dampe på vatn som vanleg. 

Det er viktig å velge riktig pinnekjøt. Pinnekjøtet må vere ordentlig tørka, og dette ser du på fargen. Om kjøtet er altfor rett kan dette vere teikn på at det ikkje har tørka nok.

Pinnekjøt og anna tradisjonsrik julemat skal ein ikkje tulle for mykje med, men denne oppskrifta dampar altså pinnekjøtet med mørkt juleøl. Vi nemner igjen at du kan nytte same framgongsmetode for damping med vatn.

Ingrediensar (4 personar)
- 2kg pinnekjøt
- bjørkepinnar
- 0,5l mørkt juleøl
- eventuelt ein liten skvett vatn

Hugs å vatne ut pinnekjøtet i forkant. Gjerne 30 timar i romtemperatur. Skift vatn fleire gonger.

Slik gjer du
1. Legg bjørkepinnane i botnen av ein stor kjele. Hell over øla. Stable pinnekjøtet slik at det ikkje ligg nede i væska.

2. Damp pinnekjøtet i 2,5 - 3 timar under lokk. Pass på at det ikkje tørrkokar undervegs. Hell då på ein skvett vatn.

3. Pinnekjøtet er klart når det lett løsnar frå beina og lukter godt!

4. For ein siste finish kan du brune det litt under grillelementet i ovnen etter damping. Fordel pinnekjøtet utover eit steikebrett, hell litt av sjyen over, og grill under sterk varme i 3 - 5 minutt.

5. Server og nyt!

Perfekt ribbe
Ribbe er ein viktig del av julefeiringa, men det er nok mange som svetter litt ekstra ved tilberedning av denne. Ribbe utan sprø svor er ganske utenkelig for dei fleste.

Mange stresser veldig med at ribba skal snuast undervegs, men dette treng du faktisk ikkje.

Ingrediensar (4 personar)
- 2kg tynnribbe
- rikelig med salt og peppar
- aluminiumsfolie
- 2 dl vatn

Slik gjer du:
1. To dagar før du skal steike ribba startar du med å rute opp svoren og krydre den godt med salt og peppar. Gni krydderet inn på alle sider og mellom svoren. Pakk ribba i aluminiumsfolie og legg den i kjøleskapet til tilberedningsdagen.

2. Legg ribba med svoren opp i ei ildfast form eller eit djupt steikebrett. Form litt aluminiumsfolie for å støtte under ribba så den er så jamn som mogleg, men med litt helling nedover slik at fettet renn av. Dette er viktig, om fettet blir liggande på toppen blir ikkje svoren sprø.

3. Hell 2dl vatn i forma og dekk til med aluminiumsfolie. Pass på at det blir tett.

4. Forvarm ovnen til 230 grader og vanlig over-undervarme. Sett inn ribba og la den stå i 45 minutt. No skal ribba og svoren dampast og blåsast opp.

5. Fjern folien over ribba og senk temperaturen til 200 grader. Steik vidare i 1 - 1 1/2 time. Pass godt på mot slutten!

6. Følg nøye med på slutten av steiketida, svoren går fort frå gyllen og sprø til heilt svidd. Om ein del av svoren popper tidlig kan du dekke denne delen med aluminiumsfolie medan resten blir sprøtt. Om svoren ikkje er sprø mot slutten kan du flytte ribba lenger opp og skru på grillelementet. Her er det også viktig å passe godt på som nemnt.

7. Velbekomme!

Saftig kalkun
Kalkun er kanskje spesielt populært til nyttårsaftan eller romjulsselskap heller enn julemiddag. Uansett så er det lite som er bedre enn saftig kalkun med deilig stuffing. 

Set av god tid til tilberedninga av kalkunen. Både før serveringsdagen og på sjølve dagen. Kalkunen må tine i kjøleskap i eit døgn, og så ligge i saltlake i eit døgn, før den så skal steikast i 5-6 timar.

Ingrediensar
- 1 kalkun 3-6 kilo (beregn 500 gram kalkun per person)
- 1 potte salvie
- 3 sitronar
- 3 appelsiner
- 2 laurbærblad
- 20 heile pepperkorn
- vatn + fint salt til saltlake
- 150gr smør
- 10 kvitløksfeddar
- 1 gul løk
- 4 rosmarinstilkar
- hyssing

Slik gjer du
1. To døgn før festen: Kalkun er vanlegvis frossen, så start med å tine kalkunen i kjøleskap to døgn før serveringsdag.

2. Eit døgn før festen: Legg kalkunen i saltlake eit døgn før du skal tilberede den. Saltlake lagar du ved å blande 3 ss fint salt per liter vatn du treng for å dekke kalkunen. Kalkunen kan gjerne vere halvfrossen når du legg den i laken.

Tilsett revet skall frå 2 sitronar og appelsiner samt laurbærblad og pepperkorn i saltlaken. Hakk opp rikelig med salvie (spar litt til stuffing) og bland ut i laken. Om du ikkje har plass til kalkunen i gryte eller form i kjøleskapet kan du legge den i ein rein pose, heller over laken, og knyte i toppen. La kalkunen ligge i eit døgn.

3. Sil av laken, men ta gjerne vare på sitrusskalet. Skyll kalkunen og tørk den med tørkepapir. Du treng ikkje salte den meir, men krydre litt med peppar innvendig og utvendig. Gni heile kalkunen inn med smør, og dytt forsikrig smør under skinnet. 

4. Del den siste appelsinen og sitronen i båten og fyll kalkunen med dette og resten av salvien. Fyll også med eit par rosmarinstilker, kvitløksfedd, og ein løk delt i grove båtar. Du treng ikkje sy igjen kalkunen

5. Legg kalkunen i ei djup, ildfast form. Knyt lårbeina saman med hyssing. Steik kalkunen ved 275 grader i 20 minutter. Ta så kalkunen ut av ovnen, og skru ned til 85-90 grader. Stikk eit steiketermometer inn i brystet og dekk med aluminiumsfolie.

6. Sett kalkunen inn i ovnen igjen og la den stå i 5-6 timar, avhengig av storleik. Kjernetemperaturen skal vise 68-70 grader. Mot slutten av steiketida fjerner du folien og skrur temperaturen på full styrke. Pensle med litt smelta smør. 

7. Server med eit smil!

Luksusriskrem med marsipan og kirsebær
Riskrem må vere den ultimate juledesserten. Her har Coop Mega gjort ein liten tvist på denne tradisjonsrike retten.

Ingrediensar
- 500 gram ferdigkokt risgrøt
- 3 dl kremfløte
- 1 vaniljestang
- 70 gram marsipan
- 50 gram (skåldede) mandler
- 1 glass kirsebær i lake

Slik gjer du
1. Pisk kremfløta til luftig krem saman med vaniljefrø frå vaniljestanga.

2. Bland inn den ferdigkokte risgrauten.

3. Riv marsipanen med eit grovt rivjern.

4. Skåld mandlane ved å legge dei i kokande vatn i 1 minutt. Klem av skalet og grovhakk dei.

5. Vend inn den raspa marsipanen og dei grovhakka mandlane i riskremen. Topp med kirsebær.

6. Nyt!



Vil du lese fleire oppskrifter frå Coop Mega? Les meir her!

Nyt den gode julematen, familien, vener og alt det flotte jula byr på! God høgtid frå alle oss på Blåhuset!

Publisert 18. desember 2017 kl 12:25. Oppdatert 18. desember 2017 kl 1:35.